Tomter

Hjå Seljestad Hyttegrend kan kunden fritt velge hytteleverandør.

Felt M2 er no ferdig tilrettelagt med 12 tomter med vei, vann og avløp samt straum. (+fiber) her er berre 1 ledige tomter igjen. ( tomt M2.8 )

Og i felt Q6 er det 3 ledige tomter.

 

Hyttefeltet ligg på Ljontjørnshaugane i kupert terreng , bekledd med lyng, fjellbjørk og furu. Område er velegna for små grender. Tomtene ligg i 600 moh. med utsikt mot Folgefonna.

 

Hyttene skal tilkoplast offentleg vann og avløp, straum, samt mogelegheit for tilkopling breiband og heilårsveg.

 

Seljestad Hyttegrend skal vera eit moderne hyttefelt med god infrastruktur. Men me har likevel høg fokus på at området skal framstå som lite støyande visuelt. Det medfører visse retningslinjer som det framgår av reguleringsplanen for området.


Eksisterande vegetasjon skal i mest mogeleg grad ivaretakast, og me har bl.a. sagt at det ikkje skal tillatast oppsetting av gjerder eller flaggstenger. Bebyggelsen skal grupperast i grender og tun med klare gjennom-gåande grøntsoner. Tilførselsledninger for elektrisk strøm og breiband skal ikkje framførast i luftspenn.